Status torsdag 6. januar 2022

Torsdag morgon har vi fått bekrefta tre nye positive prøver på koronavirus. Dei tre har ikkje samanheng med kvarandre, og alle er smitta etter reise.

Skule og barnehage
Ingen elevar eller tilsette testa positivt etter massetesting i forkant av skulestart i kommunen.

Her finn du informasjon og råd til nærkontakter og dei som er i karantene

Her finn du informasjon til deg som må i isolasjon

Informasjon om koronatesting i Stryn

Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.

Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.