Treng du nokon å snakke med?

Her finn du lenker til nettsider om koronasituasjonen og chattetenester. Mange er urolege og kanskje litt engstelege og har spørsmål det ikkje alltid er så enkelt å svare på, då kan det vere greit å snakke eller chatte med nokon.

Vi må vere meir kvar for oss heime og det betyr at dei som har det vanskeleg frå før kan få det endå vanskelegare. Då er det viktig å vite at det er hjelp å få. Røde Kors i Stryn, Olden og Vikane har tilbod om telefonvenn. 

Les meir om tilbodet her: Du kan få ein telefonvenn å samtale med
 

Treng du nokon å prate med?

Er du redd og føler deg åleine? Då er det viktig at du snakkar med nokon. Nokre gongar er det godt å snakke med ein du kjenner. Det kan vere ein venn, foreldra dine eller læraren din. Eller det kan vere ein du kjenner, og som du synes det er fint å snakke med. 

Du kan også snakke med helsesjukepleiar på Stryn helsestasjon. Helsesjukepleiar har god trening i å snakke med barn og ungdom som har vonde tankar. 

Andre gongar kan det  føles betre å snakke med nokon som ikkje kjenner deg frå før. På nettsidene til helsenorge.no finn du oversikt over mange chattetjenester og kontakttelefoner som er meint for deg som er ung og treng nokon å prate med. 
 

Alarmtelefon for barn og unge

Alarmtelefonen for barn og unge er open heile døgnet. 
 

Korspåhalsen – Røde kors

Korspåhalsen er gratis, trygt og anonymt for deg opp til 18 år, og har ope om kvelden. Her kan du prate med eller skrive til vaksne som er frivillige i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å seie og hjelper deg om du vil. Du kan også snakke med andre på din eigen alder.

 

UngePårørende.no

ungepårørende.no er ein nettstad som er laga for (og med) barn som er pårørande. Ein pårørande er er ein slektning, venn, eller annan relasjon som føler omsorg eller ansvar for nokon som har ei funksjonsnedsetjing, er fysisk eller psykisk sjuk, rusavhengig, spelavhengig, innsett i fengsel, eller er død. Du kan bruke chat, ringje eller sende brev og alle som jobbar i unge pårørende har tausheitsplikt.