Bostøtte frå Husbanken

Bostøtte er for deg som har låg inntekt og treng hjelp til å betale høge boutgifter. Inntekta di må vere så lav at du har problem med å betale bukostnadane. Treng du hjelp til å søkje bostøtte? Ring Stryn kommune på tlf 57 87 47 00 og avtal tid, så hjelper vi deg.

Husbanken og kommunen samarbeider om bostøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som handsamar søknadane og har all kontakt med deg som søkjar.  

 

Har eg rett til bostøtte?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bostøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva grenser for inntekt som gjeld.
Lurer du på om du har rett til bostøtte? Klikk her

 

Korleis søkjer eg bostøtte?

Du kan søkje bostøtte elektronisk ved å gå inn på Husbanken og logge deg på med MinID eller bankID.
Søknadsfristen for bostøtte er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter.

Klikk her for å søkje bostøtte


Du treng desse vedlegga:

  • kopi av husleigekontrakt om du leiger bustad
  • kopi av nedbetalingsplan for bustadlån og fellesutgifter om du eig bustaden
  • dokumentasjon på inntekt om det ikkje kjem fram på norsk likning eller gjennom A-ordninga.

Straumutgifter, bustadforsikring og likningsopplysningar treng du ikkje å dokumentere. 

Har du ikkje høve til å søkje elektronisk kan du få hjelp til utfylling på Servicekontoret, Tonningsgata 4, Stryn.

 

Krav til søkjar

For å få bostøtte må du og bustaden din oppfylle desse krava.

  • Du må ha fylt 18 år. Dersom du har eigne barn, kan du søkje sjølv om du er under 18 år.
  • Du må bu i bustaden du søkjer bustønad for. Du må òg vere registrert på denne bustaden i Folkeregisteret den 1. i den månaden du søkjer.
  • Bustaden din må vere godkjent for heilårsbruk. Det kan ikkje vere ein fritdsbustad. I tillegg må han ha eigen inngang og vere høveleg for å kvile og lage mat.

Du kan ha rett til bostøtte om du er student med eigne barn eller studerer som del av eit offentleg program for arbeidskvalifisering gjennom NAV eller kommunen. 

 

Du må melde frå om endringar

Dersom du får innvilga bostøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå om endringar.

 

Klage på vedtak

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bostøtte

Meir informasjon:
Servicekontoret Stryn kommune,
Tonningsgata 4, tlf 57 87 47 00.

 

Forskrift om bostøtte

Lov om bostøtte