Legekontor

Legekontoret har innført nye tenester via helsenorge.no der du kan bestille time, reseptar og sende beskjedar. Du kan ha e-konsultasjon (elektronisk time) og motta brev og svar på prøver frå fastlegen din. E-konsultasjon kostar det same som ein vanleg time på legekontoret. Ikkje alle legar tilbyr e-konsultasjon i dag.

Registrer deg like godt med ein gong, då dette blir vår måte å kommunisere med pasientane våre på. Du treng BankID eller BankID på mobil for å bruke tenesta. Det gjer tenesta sikker for deg

Betaling: Dersom du ikkje vil bruke kortterminalen på legekontoret, eller har gløymt å betale, vil du få SMS kl 08:00 dagen etter legebesøket. SMS-en gir deg to alternativ: Betale med kort eller Vipps. Dersom du ikkje betalar innan 24 timar, vil du få faktura med gebyr i posten. SMS går også til alle som nyttar videokonsultasjon eller e-konsultasjon (Helsenorge).

Legevakt

Stryn legekontor har legevakt kl 08.00-16.00.
Utanom kontoret sine opningstider ringjer du 116 117 for å nå Nordfjord legevakt. Dette er ei interkommunal legevakt for kommunane Stad, Kinn (Vågsøy) og Stryn. Legevakta finn du ved Nordfjord sjukehus og tilkomst til legevakta er skilta ved hovudinngangen.

 

For akuttmedisinsk hjelp ring 113

 

113.no – her finn du informasjon og oversikt om alt innan livreddande førstehjelp

 

helsenorge.no

Logg inn med bankid på helsenorge.no for å få tilgang på tenestene som hjelper deg å følgje opp di eiga helse.
helsenorge.no har du gratis tilgang til følgjande tenester:

• Bestille timar 
• Sende gratis brev til fastlegen
• Motta brev/ prøvesvar frå fastlegen
• Sjå og slette inngåtte timeavtaler
• Byte fastlege
• Dine tilgjengelege reseptar
• Din Kjernejournal
• Sjå eigenandelane dine
• Opprette ditt eige personlege helsearkiv
• Sjå reisene dine på pasientreiser
• Innsyn i eigen journal på sjukehuset (kjem)
• Status på henvisningane dine til sjukehus/ spesialist (kjem)

Du kan også laste ned ein eigen app for helsenorge.no på App Store og Google Play.

Kontakt

Stryn legekontor
Telefon 57 87 69 80

Ope måndag - fredag 09.00-15.00

Telefontid: 09.00-11.30 og 12.30-15.00

Stengt alle helgedagar

 

Innvik legekontor
Telefon 57 87 35 70

Opningstider tysdag og torsdag: 08.30 - 15.00

 

 

Legevakt
Telefon 116117

Ved akutt behov for hjelp ring: 113

Adresse

Setrevegen 4, 6783 Stryn

(i andre etasje over Coop Extra)