Klimaplanlegging


Energi- og miljøplan

Stryn kommune utarbeidde i 2009 sin klimaplan med tittelen Energi- og miljøplan Stryn kommune 2009-2013. Denne planen er ein tematisk kommunedelplan:

Planen har stort fokus på omstilling til eit meir klimanøytralt samfunn. Dei to største bidragsytarane til klimagassutslepp målt i CO²-ekvivalentar var transport i form av CO² og primærnæring i form av lystgass og metan. Ein del av dei måla og strategiane som er i planen er vidareført i kommuneplanen sin samfunnsdel.


Miljøfyrtårnsertifisering

Stryn kommune er lisensiert som miljøfyrtårnkommune. Det betyr at alle offentlege og private verksemder i kommunen kan sertifisere seg som miljøfyrtårn. Gjennom sertifisering kan verksemdene oppnå betre rutiner for avfall, energibruk og innkjøp og vera årsak til mindre miljøbelastning, energibruk og avfallsproduksjon.

Sentraladministrasjonen i kommunen har sjølv vore sertifisert over ein fireårsperiode og har oppnådd ein høgare standard på fleire område som vedkjem klima.

 

Klimatilpassing

Det er gjennomført fleire kartleggingsarbeid med tanke på tilpassing til menneskeskapte klimaendringar.

NVE gjennomførte i 2007 to flaumsonekartleggingar i Stryn kommune. Dette omfatta delar av Strynevassdraget, frå Stryn sentrum til Lunde, og for delar av Hjelledøla, frå Hjelle til Folven.

I 2017 gjennomførte NGI ei skredfarekartlegging for Stryn kommune, på vegne av NVE. Denne omfatta utvalde område der eksisterande busetnad er utsett for skredfare.

Kommunen har fått utført vurdering av overvatn i bekkeløp som går gjennom Stryn sentrum. Som ein vidareføring av dette vil kommunen søkje i 2018 om midler til kartlegging av kritiske punkt i bekkar og bratte vassdrag kring Stryn sentrum.

Kontakt

Postmottak Stryn kommune
E-post
Telefon 57 87 48 55