Klimaprosjekt

For å innrette oss best mogleg mot eit endra klima og bidra til klimaomstilling, jobbar kommunen med fleire prosjekt der vi samarbeider med Forsking og utviklingsmiljø (FoU- miljø), regionale myndigheiter og lokalsamfunna.
 

«Grøne dalar 2030 – Klimavenleg transport» er eit prosjekt der vi har fått støtte frå Miljødirektoratet gjennom støtteordninga «Klimasats» til å utarbeide områdeplan for Olden/Oldedalen og Loen/Lodalen, med mål om at transporten knytt til reiselivet blir utsleppsfri.
Les meir om prosjektet på Miljødirektoratet sine heimesider


«Grøne dalar 2025 - Klimavenleg infrastruktur» er eit prosjekt der vi har fått støtte frå Miljødirektoratet gjennom støtteordninga «Klimasats» til å kartlegge utslepp frå transport knytt til reiselivsaktiviteten i Olden og Briksdalen. Kartlegginga omfattar utslepp frå all turisttrafikk inkludert cruiseskip ved kai i Olden. Kartlegginga skal finne fram til dei mest effektive tiltaka for å redusere utslepp av CO2 og utvikle klimavenleg infrastruktur og transportløysingar i området. Kartlegginga vert gjennomført av Vestlandsforsking.
Les meir om prosjektet på Miljødirektoratet sine heimesider
Rapport 2018: Grønne daler - Gjennomgang av statistikk, beregning av klimagassutslipp og forslag til tiltak


«Stryn aktiv og attraktiv 2030» er eit prosjekt der vi skal finne fram til gode klimaløysingar i arealplanlegginga. Lokalisering av bustadområde og næringsareal er ein viktig del av klima- og miljøtilpassinga. Prosjektet skal gje oss eit betre kunnskapsgrunnlag til å planlegge klimavenleg infrastruktur. Eit langsiktig mål er å legge til rette for nye klimanøytrale utbyggingsområde med framtidsretta løysingar for energi, avløp og transportløysingar. Prosjektet er støtta gjennom tilskotsordninga «Klimasats» og blir gjennomført i samarbeid med Vestlandsforsking.


«Tettstedspakker for attraktiv, inkluderende og klimavennlig stedsutvikling»
Stryn kommune har blitt invitert av Transportøkonomisk institutt og Vestlandsforsking til å delta som ein av fire norske kommunar i eit «offentleg innovasjonsprosjekt» med tittelen Tettstedspakker for attraktiv, inkluderende og klimavennlig stedsutvikling. I prosjektet skal det utviklast tettstadspakkar (til forskjell frå bypakkar) der målet er at mindre tettstadssentrum skal vere:

  • kompakt, med effektiv arealutnytting

  • meir attraktive for næringsdrivande

  • meir levande med aktivitet større delar av døgnet

  • mindre bilbasert, favorisere gange og sykkel for intern trafikk

Prosjektet vil gå over tre år og blir gjennomført av nokre av dei fremste fagmiljøa i landet på samordna areal- og transportplanlegging: Transportøkonomisk institutt, Norsk institutt for by- og regionforskning og Vestlandsforsking. Kommunane som deltar er Bø og Sauherad (Midt-Telemark kommune), Sortland, Stryn og Hol.

Kontakt

Postmottak Stryn kommune
E-post
Telefon 57 87 48 55