Søk tilskot til hurtiglade-plassar for elbil

Du kan søkje tilskot til bygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar i Vestland. Søknadsfristen er 31. mai 2021 kl. 15.00.  Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.

Kven kan søkje? Kommunar og private hurtigladeoperatørar

Hurtigladeoperatøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Føretaket må ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne etablere og drifte hurtigladetilbod. Vestland fylkeskommune tar atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava i søknadsdialogen. Relevant dokumentasjon vil vere attest for skatt og meirverdiavgift, firmaattest og leverandøren sitt årsrekneskap, inkludert noter med styre- og revisjons melding frå dei to siste åra.

Søkjarar kan samarbeide med til dømes andre ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, handels- og serviceverksemder, kraftselskap i prosjektet. Det er òg ønskeleg om ladeoperatøren får finansiering frå andre eksterne aktørar for å gje rom for å utbetre ladetilbodet utover det denne ordninga gjev rom for åleine. Døme på dette kan vere tilskot frå kommunar eller Merkur-programmet. Merkur-programmet gjeld spesifikt for Merkur-butikkane i distrikta.