Ledige næringsareal

Stryn har tradisjon som gründerkommune og har eit variert og nyskapande næringsliv. Målet vårt er å skape vekst basert på bulyst og næringsutvikling. Kommunen ønskjer å legge til rette for deg som ønskjer å etablere ny verksemd eller utvide eksisterande verksemd.

Tilrettelegging av ulike typar næringsareal er difor eit satsingsområde for kommunen og vi kan tilby areal fleire stadar i kommunen.

Stryn kommune har i dag ledig næringsareal følgjande stadar:

  • Innvik ca. 11 dekar

  • Olden 1 dekar

  • Stryn (Stryn Miljø- og næringspark - Langeset) 25 dekar

I tillegg er det avsett og delvis regulert areal til næringsføremål i privat eige, fleire stadar i kommunen. Dei største områda finn du her;

  • Langesethøgda ca. 460 dekar (ikkje regulert)

  • Langesethøgda ca. 30 dekar (regulert)

  • Aust for Stryn sentrum ca. 16 dekar (regulert)


Ta kontakt med plan- og næringsavdelinga for nærare informasjon.

Kontakt

Avdeling for plan og næring
E-post
Telefon 57 87 47 00

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn