Næringsfond

Stryn kommune forvaltar eit næringsfond som primært kan nyttast til næringsutvikling, nyetablering og bedriftsutvikling. Fondet kan støtte både bedriftsretta tiltak, tilretteleggande tiltak og prosjekt.

Både nyetablerarar og etablerte bedrifter kan søkje støtte gjennom fondet.

Døme på tiltak det kan søkjast støtte til gjennom fondet er kompetanseutvikling, marknadsundersøkjing, produktutvikling, marknadsføring, etablerarprosjekt m. v.

Er du i tvil om du kan søkje, ta gjerne kontakt med plan- og næringsavdelinga. Det kan du også gjere dersom du har ein ide du treng økonomisk støtte for å kome vidare med, eller du treng støtte til å utvikle bedrifta di vidare.

Søknadar om støtte frå kommunalt næringsfond skal sendast inn via Regionalforvaltning.no.

Kontakt

Postmottak Stryn kommune
E-post
Telefon 57 87 48 55