Motorferdsel i utmark

Motorferdsellova regulerer motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen.

Dersom køyreoppdraget ditt ikkje har heimel etter motorferdsellova sine reglar, må du søkje dispensasjon/løyve frå kommunen. I barmarkssesongen gjeld dette bruk av luftfartøy og i vintersesongen snøscooter. Dagens dato + 14 dagar er tidlegaste dato du kan søkje løyve for.

Søknadsskjema for løyve til motorferdsel i utmark

Papirbasert søknadsskjema for løyve til motorferdsel i utmark (PDF, 211 kB)
(må skrivast ut, utfyllast og sendast Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn),


Leigekøyring

Stryn kommune har etablert leigekøyringsordning (ervervsløyve) med snøscooter på vinterføre i sju område.

Ervervsløyve
Område Løyvehavarar pr. dato
Nordsida Olav Sølvberg og Nils Helge Sølvberg
Sør-Markane Even Andreas Dispen
Bøasetra-Ullsheim Arvid Hatledal og Jens Tore Bø
Flofjellet Bjørn Inge Flo
Videdalen-Tystigen Alf Birger Olsen
Innvik Ove Hammer
Utvik Jan Atle Sunde

Ved å benytte leigekøyring treng du ikkje dispensasjon for følgande køyreoppdrag:

  • Transport mellom bilveg og hytte
  • Tilsyn med privat hytte etter eigaren sitt oppdrag
  • Transport for massemedia på reportasjeoppdrag
  • Transport av funksjonshemma
  • Transport av ved


Lenkjer

Stryn kommune utlyser no fem leigekøyringsordningar for frakt med snøskuter.

Kontakt

Miljøvernkoordinator
E-post
Telefon 57 87 47 16

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn