Naturmangfold i arealplanlegginga

Ved nesten alle typer omdisponering av areal krev Lov om naturmangfald at ein skal utgreie konsekvens for naturmangfaldet.

Det må utgreiast:

  • bestandsituasjon, naturtyper si utbreiing og økologiske tilstand, og effekt av påvirkningar

  • kva virkning det har for naturmiljøet, og unngå skade for naturmangfaldet

  • økosystemtilnærming og samla belastning

  • driftsmetoder, teknikk og lokalisering som gjev dei beste samfunnsmessige resultat

Tiltakshavaren skal dekke kostnadane ved å hindre eller begrense skade på naturmangfaldet.


Svartelista planteartar

Svartelista artar er uønska i norsk natur. Fleire planteartar er i rask spreiing i vår kommune, mellom anna parkslirekne, platanlønn, rynkerose og hagelupin. Ved fjerning av desse planteartane er det viktig å unngå spreiing av plantedeler, frø og voksegrunn til nye lokalitetar.

Kontakt

Miljøvernkoordinator
E-post
Telefon 57 87 47 16

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn