Vassforvaltning

Norge er tilslutta EU sitt råmedirektiv for vatn, vedteke i 2000. Hovudmålet i vassdirektivet er at alle vassforekomster minst skal oppretthalde eller oppnå «god tilstand». Dette skal skje gjennom samordna planlegging.

Vannforskriften

Med bakgrunn i vassdirektivet har Norge utarbeidd råmer for vassforvaltninga i Vannforskriften av 2006:


Sogn og Fjordane vassregion

Stryn er organisert i Nordfjord vassområde i Sogn og Fjordane vassregion.

Arbeidet med vassforvaltninga er fastlagt i regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion 2016-2021. Dette plandokumentet kan du finne på Vannportalen.

Alle vannprøveresultat og karakterisering av vassdrag ligg på Vann-nett.


Heilskapleg tiltaksplan for Strynevassdraget nedre del

Tiltaksplanen bygger på forvaltningsplan for vassregion Vestlandet, og var utarbeidd for å betre vasskvaliteten i vassdraget etter krav i Vassforskrifta. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom Stryn Elveeigarlag, Stryn kommune, Noregs Vassdrags- og Energidirektorat. Tiltaka omfattar opning av bekkeløp, habitatforbetrande tiltak og fjerning av vandringshinder. Plan for heilskapleg tiltaksplan for Strynevassdraget vart utarbeidd av Utmarksressurs AS etter oppdrag frå NVE.

Film som syner dei gjennomførde tiltaka

Plan for heilskapleg tiltaksplan for Strynevassdraget (PDF, 4 MB)

Kontakt

Miljøvernkoordinator
E-post
Telefon 57 87 47 16

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn