Verneområde og viktige naturtyper


Verneområde

I Stryn kommune har vi 6 område og 1 naturminne verna etter Lov om naturmangfold (tidlegare naturvernlova):

Nasjonalpark:

  • Jostedalsbreen nasjonalpark (totalt 1314 km², der ein vesentleg del ligg i Stryn kommune)

Naturreservat:

  • Flostranda - edellauvskog (1814 dekar)
  • Storedalen - skog, verna etter reglane for frivillig vern (9077 dekar)
  • Tvinna - myr (5076 dekar)
  • Tjønnane - myr (483 dekar)
  • Prestestøylen - myr (710 dekar)

Naturminne:

  • Hatleim naturminne (ei furu på Blakset)


Viktige naturtyper

I tillegg til verdiane i verna område er det registrert 161 større og mindre lokalitetar med viktige naturtyper i kommunen vår. Grunnlaget for registreringa er kartlegging av kommunen sitt biologiske mangfald i 2002 og 2012. Hovudvekta av arbeidet er lagt på verdifulle naturtypar, men det er også samanstilt ein del generell informasjon om naturtilhøva i kommunen og forekomst av rødlisteartar (artar som kan ha ein risiko for å dø ut i Norge).

Naturtypane er vurdert som svært viktig, viktig eller lokalt viktig, og må takast omsyn til i arealplanlegginga:

Kontakt

Miljøvernkoordinator
E-post
Telefon 57 87 47 16

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn