Stryn Fjellstyre

Stryn Fjellstyre har etter fjellova forvaltningsansvaret for jakt i Tystigbreen og Jostedalsbreen statsalmenningar, og tildeler årleg 3-4 fellingsløyve på villrein i Ottadalen Sør villreinområde.

Desse fellingsløyva vert utlyst i juni månad og kan søkast på av fast busette i det som var Stryn kommune i 1965. I hovudsak omfattar dette dei som bur i Oppstryn, Nedstryn og Loen.

Fjellstyret har avtale om mellom anna overgang til deler av Skjåk Almenning under jakta.

Det er ikkje etablert kortordning for småviltjakt i statsalmenningane eller anna statsgrunn i Stryn.

Kontakt

Stryn fjellstyre
Telefon 41 20 60 28

Jan Lars Nesje
Strynevegen 873
6783 Stryn

E-post: jl.nesje@online.no