Skal du førehandsrøyste- gjer det i dag.

Valdagen er måndag 13. september. I dag må du røyste i den kommunen du er manntalsført. Godt val!

No har du høve til å førehandsrøyste fleire stadar i kommunen. 4. september er det laurdagsope for førehandsrøysting på Stryn Torg, opplyser leiar i valstyret og ordførar Per Kjøllesdal. Vi ønskjer alle ei god helg og godt val!

 

Frå i dag kan du førehandsrøyste på Stryn Torg i 1. etg (tidlegare Notabene sine lokale). Røystelokalet har ope frå 24. aug - 10. sept: Tys - Tors - Fre kl. 12:00 - 18:00 og laurdag 4. sept. kl. 11:00 - 15:00.    

  

Førehandsrøystinga til årets Stortings- og sametingsval starta 10. august og i år har dei fleste motteke valkortet digitalt. Alle som får valkort digitalt, blir varsla om dette med ein SMS.

Stryn kommune har lagt godt tilrette for gjennomføring av førehandsrøysting ulike stader i kommunen.

Stryn kommune treng valmedarbeidarar som kan delta i gjennomføring av Stortingsvalet 2021. Vi treng personell til gjennomføring av førehandsrøysting og på sjølve valdagen 13. september 2021.
Valmedarbeidarar må vere fyllt 18 og registrert i folkeregistret som busett i Stryn kommune.

Dette er lønna arbeid og du får nødvendig opplæring.

Fyll ut dette skjemaet og send inn om du ønskjer å delta i valarbeid/stemmestyrer. 

 

 

For å kunne røyste ved Stortingsvalet må du vere registrert i manntalet

Vestland fylke består av to valdistrikt. Hordaland og Sogn og Fjordane