Kommunedelplanen sin samfunnsdel - Stryn mot 2035- vi treng deg og dine idear
Stryn kommune skal lage ein ny utviklingsplan for dei neste 12 åra. I samfunnsdelen skal ein peike ut ønska retning for samfunns- og tenesteutvikling, og den skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Planen tek føre seg Stryn kommune som samfunn og kommunen som organisasjon. Kommunestyret har vedteke eit planprogram og no kan du seie di meining om planen.
Ved å gje innspel til planprogrammet kan innbyggarar, lag og organisasjonar, næringsliv og andre samfunnsaktørar vere med på å utvikle planen heilt frå starten. På denne måten kan det endelege resultatet og samfunnsdelen vår bli det gode styringsverktøyet det skal vere, og forme utviklinga i Stryn i ønska retning. Dei innspela vi får inn blir lagt fram og vurdert i prosjektstyringsgruppa.
Eit planprogram er ein «plan for planen». Planprogrammet omtalar planprosessen for samfunnsdelen på eit overordna nivå. Hovudoppgåva er å tydeleggjere kva ein skal jobbe vidare med i kommuneplanen. Planprogrammet som blir vedteke i mars 2023 vil vere grunnlaget for det endelege dokumentet som heiter "Kommunedelplanen sin samfunnsdel".
Den nye samfunnsdelen skal etter framdriftsplanen vere klar i april 2024. Det at du og alle andre engasjerer seg er nødvendig for at den utviklingsplanen for Stryn som blir vedteken i 2024, blir eit resultat som vi kan stå saman om fordi vi har jobba det fram gjennom samskaping.
I tida fram mot april 2024 får du fleire sjansar til å seie di meining om "Kommunedelplanen sin samfunnsdel."
Det vi ønskjer no, er at du les gjennom planprogrammet Høyringsutkast - Planprogram utviklingsplan Stryn kommune 2023-2035 (PDF, 3 MB)og seier di meining ved å fylle ut skjemaet.
Skjemaet er avpublisert sidan tidsfristen er ute.
Frist for å sende inn skjemaet: 1. februar 2023.
Sist endra 03.02.2023 08.53