Fristen for å gje innspel til planprogrammet har no gått ut. Vi fekk inn heile 29 innspel til høyringsutkastet, og vil takke alle som har sendt innspel til oss.
Vi tek med oss innspela og vil bruke dei vidare i utarbeidinga av det endelege planprogrammet som skal vedtakast i kommunestyret i mars 2023.
Har du ikkje fått sagt meininga di? Du får mange fleire moglegheiter.
Vi kjem til å arbeide vidare med medverknad til utviklingsplanen og alle vil få moglegheit til å kome med fleire innspel til korleis Stryn skal utvikle seg dei neste 12 åra.
Tusen takk igjen til alle dei som har sendt innspel!
Vi ser fram til vidare medverknad saman med alle som ønskjer å bli med gjennom året.
Sist endra 07.08.2023 10.44