Handlings- og økonomiplan 2020-2023/ Budsjett 2020, kommunestyret sitt vedtak

Det er lovfesta at kommunane skal ha ein økonomiplan som viser korleis langsiktige utfordringar, mål og strategiar i kommunale og regionale planar skal følgast opp. Økonomiplanen skal vise prioriteringar og løyvingar, og dei mål og vilkår som økonomiplanen er bygd på.

Kommunestyret handsama sak om Handlings- og økonomiplan 2020-2023/ Budsjett 2020 den 19. desember 2019. Det som er presentert her er kommunestyret sitt vedtak.

Det er gjort ei vurdering av rammevilkåra som:
• Skatt og rammetilskot
• Renter/ avdrag
• Avgifter
• Eigedomsskatt
• Endringsbehov i tenesteområda

Her kan du sjå kva økonomisk handlingsrom kommunen har i åra framover og kva prioriteringar og utfordringar vi har.

Handlings- og økonomiplan 2020-2023/ Budsjett 2020 - digital versjon

 


Stryn kommune er glade for at budsjett og økonomiplanen no er meir tilgjengeleg for innbyggjarar, politikarar og andre interesserte. Frå og med budsjettåret 2020 gjekk vi over til å nytte Framsikt som verktøy til Handlingsdel med økonomiplan og budsjett, samt rapportering til kommunestyret.

For folkevalde inneber dette ein ny måte å orientere seg i budsjettet på. Budsjettet og økonomiplanen vert no presentert i ei web-løysing, der ein kan gå inn på dei ulike delane av budsjettet, og gå vidare inn i dei ulike rammeområda. Sjølv om budsjettet no vil innehalde meir detaljinformasjon på einingsnivå, er det viktig å hugse at dei politiske vedtaka vert gjort på rammenivå.

 

Handlings- og økonomiplan 2020-2023/ Budsjett 2020 (PDF, 7 MB)