a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Tilskot til kulturbygg-Søknadsfrist

krabatene - Klikk for stort bilete Det er avsett spelemidlar til kulturhus/kulturbygg som gjev rom for ulik kulturell verksemd.  

Søknadsfrist til Stryn kommune: 15.mars

 

Foto: Torunn L.Stokkeland

Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

 

Om retningslinjer og søknadsprosedyre:

I haust justerte fylkeskommunen del av retningslinjene for ordninga, slik at dei er noko meir utfyllande enn tidlegare. M.a. er det komme inn punkt om søkjar, kommunen og fylkeskommunen sine ansvar og oppgåver. Retningslinjene ligg ute på nettsida vår saman med annan informasjon om ordninga: http://www.sfj.no/kulturbygg.340493.nn.html.

 

Søknadsprosedyrane er dei same som tidlegare år, søkjar brukar det same søknadsskjemaet som for idrett og fysisk aktivitet, på www.idrettsanlegg.no. Søkjaren loggar seg inn på same måte som for spelemidlane til idrett (kommunen opprettar kontakt og anleggsnummer ved behov).  På side to i søknadsskjemaet hakar ein av for «kulturbygg», då endrar skjemaet seg og ein får opp dei rette rubrikkane etc.  Søknaden går så til kommunen for handsaming og deretter til oss.

Søknadsfrist: 15.mars

 

Publisert av Myrtel Janne Thomassen. Sist endra 10.02.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering