Kommunestyret
Kommunestyret (eller bystyret) er det øvste politiske organet i kommunen. Den øvste politiske leiaren i kommunen er ordføraren.
Tal røyster eit parti får i eit val, avgjer kor mange plassar partiet får i kommunestyret.
Det er 356 kommunar i Noreg.
Ansvarsoppgåver for kommunestyret:
• Barnehage
• Skule
• SFO
• Spesialundervisning for funksjonshemma
• Primærhelsetenesta
• Heimehjelp
• Heimesjukepleie
• Alders- og sjukeheim
• Helsevern for psykisk utviklingshemma
• Sosialhjelp
• Lokale vegar
• Brann- og feiarvesen
• Forvaltning og planmynde
• Vatn, kloakk og renovasjon
• Lokalt miljøvern
• Kyrkjer og kyrkjegardar
• Fritidsklubbar
• Folkebibliotek
Fylkestinget
Det folkevalde organet til fylkeskommunen er fylkestinget. Øvste politiske leiar her er fylkesordføraren.
Vi har 11 fylkeskommunar i landet.
Ansvarsoppgåver for fylkestinget:
• Videregående skule
• Vaksenopplæring
• Tannhelseteneste
• Fylkesvegar
• Skuleskyss
• Lokal kollektivtransport
• Trafikksikkerheitsarbeid
• Fylkesbibliotek
I Noreg har vi tre styringsnivå. Staten med Stortinget, regjeringa og statsforvaltninga, fylkeskommunane og kommunane.