Førehandsrøysting

Har du alt bestemt deg for kva parti du vil røyste på? Då kan du førehandsrøyste i tida 10. august til 8. september. Hugs å ta med gyldig legitimasjon og gjerne valkort. Du vel sjølv om du vil førehandsrøyste eller røyste på valdagen 11. september, men har du førehandsrøysta er det den røysta som gjeld.  


Tid og stad for førehandsrøysting:

Kommunesenteret, Stryn Torg 3. etg, Tonningsgata 4

Frå 10. aug tom 8. sept måndag til fredag 09.00 – 15.00

Stryn Torg 2. etg, Tonningsgata 4

Tysdag 22. august 12.00 – 18.00
Torsdag 24. august 12.00 – 18.00
Fredag 25. august 12.00 – 18.00

Tysdag 29. august 12.00 – 18.00
Torsdag 31. august 12.00 – 18.00
Fredag 1. september 12.00 – 18.00

Laurdag 2. september 11.00 – 15.00

Tysdag 5. september 12.00 – 18.00
Torsdag 7. september 12.00 – 18.00
Fredag 8. september 12.00 – 18.00
 

Stryn vidaregåande skule

Torsdag 31. august 13.00 – 15.00
 

Nordsida skule

Måndag 4. september 17.00 – 19.00
 

Loen Bygdehus

Tysdag 5. september 15.00 – 19.00
 

Olden Bygdetun

Onsdag 6. september 15.00 – 19.00
 

Styrkhallen, Innvik

Torsdag 7. september 15.00 – 19.00
 

Oppstryn skule

Torsdag 7. september 17.00 – 19.00
 

Stryn omsorgssenter

2. etg i gangen mellom Symra aust og vest
Onsdag 6. september kl. 10.00 – 13.00
 

Vikane omsorgssenter

i lokala til dagsenteret
Torsdag 7. september kl. 10.00 – 13.00

 

Hugs gyldig legitimasjon! 

Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for stemmemottakar, får du ikkje røyste. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde. 
 

Bur du utanfor Stryn kommune? 

På valglokaler.no finn du vallokale og opningstider i alle kommunar. Hugs at du må førehandsrøyste om du ikkje oppheld deg i kommunen du er manntalsført i.  
 

Meir informasjon om valet?

Les meir om kommunestyre- og fylkestingsvalet på Valdirektoratet sine nettsider

 

Bilde av stemmesedlane - Klikk for stort bilete