a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Vi treng fleire frivillige til språkkafeen

bilde frå fjordingen.JPG - Klikk for stort bilete Førstkommande torsdag, 12. oktober, er det språkkafe på biblioteket igjen. Vi har veldig godt oppmøte av flyktningar og dels arbeidsinnvandrarar, men saknar lokale stryningar. Har du ein halvtime eller eit par timar til overs, av og til på torsdagane, så håpar vi at du vil komme og vere med på språkkafeen. Vi byrjar kl. 18 og ein kan sitte til kl. 20 om ein ønskjer. Lett servering.

Det er ikkje noko krav til forkunnskap eller når og kor ofte du møter. Du møter når du har tid og lyst, men du gjer ein viktig innsats for å integrere nye innbyggarar i kommunen! Ta gjerne med deg ein venn eller to! Språkkafeen er eit samarbeid mellom Stryn Røde Kors, Stryn frivilligsentral, Flyktningtenesta, Norskundervisninga, Redd barna i Stryn og biblioteket.  

Publisert av Kristin Hatledal. Sist endra 09.10.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering