a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Vil du bety noko for andre?

hender liten og stor.jpg - Klikk for stort bilete Har du litt eksta tid og omsorg til overs?

Barneverntenesta i Stryn treng støttekontakter, besøksheimar og tilsynsførarar.
 

Kontakt barneverntenesta på 57 87 47 00 om du er interessert.

Støttekontakt: Du skal gjere aktivitetar saman med barn/ ungdom nokre timar i veka. Målsetjinga er å styrke sosial kompetanse, motivere til meir aktivitet og gje gode meistringsopplevingar. Det er også ei avlasting for foreldra. 

Besøksheim: Avlastingstiltak for foreldre. Barn får følgje familien din omlag to døgn i månaden. Meistringsopplevingar i trygge omgjevnader er viktig.

Tilsynsførar: Oppfølging av fosterbarn som bur i Stryn kommune. Om lag fire besøk i året som skal rapporterast. Tilsynsførar skal vere med å sikre at barnet blir godt ivareteke i forsterheimen, og fange opp oppfatningane og erfaringane til barnet.

Krav:

  • Plettfri vandel (må levere vandelsattest)
  • Erfaring med barn og unge er ønskjeleg
  • Du må vere påliteleg


Godtgjersle etter kommunen sine gjeldande satsar.

Publisert av Unni Skåre. Sist endra 13.09.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering