Hukommelsesteam

Opplever du eller nokon nær deg sviktande hukommelse eller demenssjukdom?
Demenssjukdom kjem snikande og utviklar seg vanlegvis over fleire år. Tidleg i forløpet kan symptoma vere vanskeleg å skilje frå normal aldring. Ved demens er det viktigaste kjenneteiknet nedsett hukommelse som påverkar evna til å utføre daglege aktivitetar. Ein demenssjukdom rammar ikkje berre den som blir sjuk – heile familien blir berørt. Ofte er det pårørande som først merkar endringar og får mistanke om sjukdom.

Hukommelsesteamet er eit lavterskeltilbod til heimebuande personar med utfordringar knytt til hukommelse, og til deira pårørande. Ta kontakt med oss om du er bekymra for deg sjølv eller nokon nær deg. 


Kva kan teamet hjelpe med?

  • Kartlegging og utredning ved mistanke om kognitiv svikt, i samarbeid med fastlege
  • Informasjon, råd og rettleiing knytt til hukommelsesvanskane
  • Tilrettelegging i heimen
  • Gi råd og rettleiing om kvardagsmestring -  korleis kvardagen kan tilretteleggast 
  • Informasjon om ulike hjelpetilbod
  • Oppfølging etter demensdiagnose
  • Tilbod om pårørandeskule og samtalegrupper


Utredning og diagnose er viktig fordi:

  • Det er ein forutsetnad for du skal få riktig medisinsk behandling
  • Det gir deg mulegheit til å finne ut om det er andre årsaker til endringane
  • Det gjer det mogleg for deg å planlegge framtida
  • Det gjer det lettare for andre å forstå situasjonen, slik at du og dine pårørande kan få hjelp og støtte
  • Det kan gi deg tilgang til informasjon og hjelp frå helsetenestene i kommunen