Kortkurs for blåseinstrument

Det blir kurskveldar onsdagar for barn/unge og vaksne - oppstart 28. februar!

Kortkurs for blåseinstrument - påmelding innan 26. februar
Kulturskulen arrangerer denne våren kortkurs for ulike blåseinstrument. Det blir kurskveld onsdagar der ein startar med kurs for born og unge, etterfylgt av kurs for vaksne. Kurset vert både for nybyrjarar og for dei som har spelt litt før. Oppstart er onsdag 28. februar, og det blir til saman ti kurskveldar fram til midten av mai.  Kurs for born og unge frå kl. 18.00 - 19:00, og for vaksne frå kl. 19.00. 

Lærar vert Ingebrigt Kyrkjeeide. 

 

Ønskar rekruttering i ulike aldrar
Kurset er for ulike aldersgrupper.  Kanskje er det nokon som har spelt før, som kan tenkje seg å prøve på att? Det er fleire døme på folk som har hatt spelepause i mange år før dei byrjar att. Det er likevel ikkje noko krav om å ha spelt tidlegare for å vere med, alle er velkomne. Instrumenta ein kan delta med er til dømes kornett, saksofon og fløyte. 

Vi samarbeider med Stryn skulekorps om utlån av instrument for dei som treng det. 

 

Kursdatoar
Kurset vert arrangert kvar onsdag i 10 veker, med oppstart onsdag 28. februar og fram til midten av mai.  
Desse datoane vert det kurs; 28.02, 06.03, 13.03, 20.03, 03.04, 10.04, 17.04,  24.04, 08.05, 15.05. 

Kurset vert i kulturskulen sine lokaler på kulturhuset. 
 

Prisar
375 kr for kulturskule-elevar
500 kr for andre born/unge
600 kr for vaksne 

Påmeldingsfrist 26. februar
Meld deg på til ingrid.stuhaug@stryn.kommune.no eller på tlf: 57 87 47 64 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Ingebrigt Kyrkjeeide