KS Folkeregister erstattar Infotorg.no
Med modernisering av folkeregisteret tilbyr Skatteetaten alle aktørar å hente folkeregisteropplysningar direkte frå folkeregisteret, utan å gå via Skatteetaten sin distributør TietoEvry (Infotorg). Gjennom KS folkeregister vil KS tilby kommunesektoren folkeregisteropplysninger for alle tenesteområde utanom helsetenesta til ein mykje lavare pris.
I KS folkeregister kan du søke etter personar og finne opplysningar om ein eller fleire personar basert på ulike kriterie som til dømes fødselsnummer, namn eller adresse.
Eller du kan bestille innbyggjarlister ved å hente ut ei liste over eit større antall innbyggjarar basert i eit sett med kriterie. Du kan for eksempel trekkje ut alle innbyggjarane i ein bestemt alder for å lage ei vaksineliste. Uttrekket kan lastast ned i Excel-format.
For å kunne hente ut opplysningar underlagt teieplikt er det krav om at du har tilgang til dette gjennom ein lovheimel for arbeidsoppgåvene dine.
Døme: For ein sakshandsamar i barnevernet er aktuelle lovheimlar:
- Lov om barneverntjenester (barnevernloven)§ 6-4 Opplysningsplikt
- Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtjenesteloven) § 43 tredje ledd
Opplysningar som er underlagt teieplikt / opplysningar som ikkje er underlagt teieplikt
Med ny lov og forskrift om folkeregistrering som tredde i kraft i oktober 2017, fekk vi ei tydelegare kategorisering av opplysningar som anten er underlagt teieplikt/ ikkje underlagt teieplikt. Fleire opplysningar er no ikkje underlagt teieplikt.