1. Rådmannen har fullmakt til å tildele tomter på vilkår fastsette av kommunestyret.
2. Ved utlegging av nye tomter lyser Stryn kommune ut ledige tomter i bustadfelt på si heimeside og eventuelt i lokal presse. Det skal settast søknadsfrist.
3. a) Tildeling i samsvar med desse reglane vert gjort etter søknad etter at tomtene i feltet er utlyst for sal.
b) Funksjonshemma skal ha fortrinnsrett til eigna tomter.
c) Ved utlysing av tomter i eit felt stiller alle søknader som er komne inn til den fristen som er sett i utlysinga, likt. Om fleire søkjer på same tomt vert privatpersonar prioritert framfor verksemder og det vert nytta loddtrekning.
d) Seinare tomtetildeling skjer fortløpande med utgangspunkt i søknadsdato.
4. Tomtene skal nyttast til bygging av bustadhus, og kvar tomtesøkjar kan berre få tildelt ei – 1 – tomt. Etter grunngjeven søknad kan formannskapet fråvike denne regelen.
5. Dersom reguleringsplanen gjev høve til det, kan rådmannen tildele deler av feltet til byggelag for samla utbygging.
6. Rådmannen kan gje samtykke til at søkjarar som har tildelt tomt i same feltet, byter med kvarandre.
7. Etter at tildeling er føreteke får kjøparen ein frist på 14 dagar til å avgjere om han/ho vil ha tomta. Dersom han/ ho tek imot tomta vert det gitt ein ytterlegare frist på 30 dagar for betaling av eit forskot tilsvarande 50 % av kjøpesummen (inkl. refusjonar). Restsummen skal betalast innan ½ år etter at melding om tildeling av tomt er gjeve eller når feltet er byggeklart. Ved for sein betaling, både av forskot og restsum skal det reknast morarente frå forfallsdatoen.
8. Når forskotet er betalt og det er lagt fram bankgaranti på restsummen vert det utlevert skøyte på eigedomen.
9. Formannskapet kan dispensere frå desse reglane når særlege grunnar ligg føre.