Bandkurs på kulturskulen

Har du lyst til å spele i band? Bli med! Oppstart 7. november.

KVA
Det er både lærerikt og sosialt å spele saman med andre, og vi ønskjer å få til meir samspel på kulturskulen framover. Vi starter derfor opp bandkurs som eit prøveprosjekt frå november av og ut februar. Deretter håpar vi å ha band som eit fast samspeltilbod på kulturskulen. 

 

KVEN
Læraren på kurset vert Mads With Kristoffersen. Mads jobbar for tida på kulturskulen, og hos oss underviser han i gitar, bass og song. Han er ein allsidig musikar som mellom anna har bandundervisning på Høgskulen i Volda. 

 

KORLEIS
Kurset vert på kulturskulen. Vi har Frendesalen, studioet og Bandbingen til disposisjon, og god plass til at fleire band øver parallelt. Kursdeltakarane skal i løpet av perioden prøve alle instrumenta i bandkonstellasjonen. Vi deler banda inn etter alder:

8 - 12 år 

12- 15 år 

15 år - oppover

 

NÅR

Kurset vert anna kvar veke, tysdagar kl. 17.00 - 18.30. Oppstart 7. november. Vidare vert det kurs 21. nov, 5. des, 19. des, 09. jan, 23. jan, 6. feb, 20. feb. 

 

PRIS

Elevar i kulturskulen: 300 kr

Andre:                         500 kr

 

Påmelding til rektor Ingrid Schei Stuhaug på e-post: Ingrid.stuhaug@stryn.kommune.no