Min første huskonsert tysdag 22. oktober

Tysdag 22. Oktober er det “Min første huskonsert” på kulturskulen. Dette er ein konsert for elevane som begynte på kulturskulen etter sommaren, der dei viser fram kva dei har lært på kulturskulen så langt.  

Konserten er i Frendesalen på kulturskulen kl. 17.00. Når konserten er ferdig vil dei to nye dansegruppene vise kva dei har lært. Til slutt er det vaflar og saft til alle elevane som har spelt eller dansa på konserten.