Nye tilbod hausten 2022

Stryn kulturskule utvidar repertoaret med kulturkarusell og ny teatergruppe

Vi ser med jamne mellomrom at elevar som startar på eit instrument eller ein aktivitet hos oss ikkje heilt veit kva dei går til, og det å velje "rett" instrument kan vere vanskeleg i starten.

Det nye tilbodet vårt, kulturkarusell, er meint å vere eit innføringsår, der elevane får prøve mange av dei instrumenta og aktivitetane som vi har ved kulturskulen, slik at dei seinare kan velje "sitt" instrument basert på erfaring i frå kulturkarusellen. 

Linda Gytri og Stine Storevik er lærarane som skal ha faget. Begge har lang erfaring med musikk og undervisning, og til saman vil gje eleven eit spennande år. Kulturkarusellen øver tysdagar kl. 14.40. 

Kulturskulen har i fleire år hatt ei teatergruppe, der mange av dei same elevane har helde på. Interessa for teater har auka og i haust var det så mange på venteliste innan teater at vi rett og slett kunne opprette ei ny teatergruppe i tillegg. Emma Nygaard Sætren er lærar i faget i år. Ho er utdanna ifrå Bårdarakademiet i Oslo og har blant anna teatererfaring i frå rolla som Klatremus i dyreparken i Kristiansand! Den nye teatergruppa øver onsdagar kl. 14.40