Stryn skulekorps startar opp att

Måndag 1. september kl. 17.30 har Stryn skulekorps si første øving i TIngsalen på kulturhuset. 

Stryn skulekorps er ikkje ein del av kulturskulen sitt tilbod, men vi er med på å dele informasjon om aktiviteten dei planlegg framover. 

Dei skriv: 

Måndag 1. september klokka 17.30 startar Stryn skulekorps. 

Vil du prøve å spele kornett, klarinett eller kanskje eit anna instrument?

Møt opp i Stryn kulturhus i Tingsalen. Der vil dirigenten vår, Inge Starheim Ytrehus ta imot deg. Han vil fortelje om planane i haust, og dele ut instrument til å øve på heime. 

Hugs å spørje heime om du får lov før du møter opp!

Det er gratis å vere med i haust. 

Ring eller send melding til Ingebrigt Kyrkjeeide på tlf. 97975094 dersom du lurar på noko.

Påmelding til skulekorpset er til inge.ytrehus@stryn.kommune.no