Vokalgruppe

Har du lyst til å synge saman med andre? Bli med!

KVA
Vi ønskjer å få til fleire breidde-aktivitetar på kulturskulen. Mange elevar har individuelle timer i song, men det er også kjekt og sosialt å synge saman med andre. Som eit prøveprosjekt startar kulturskulen opp eit tilbod om vokalgruppe frå november av og ut februar. Etter dette håpar vi å ha vokalgruppe som eit fast tilbod på kulturskulen. 

 

KVEN
Gruppa skal ha Mads With Kristoffersen som lærar og dirigent. Mads er ein allsidig musikar. Han er utdanna songar og har jobba med vokalgrupper tidlegare.

 

NÅR
Det vert øvingar anna kvar tysdag, frå kl. 18.30 - 20.00. Oppstart 7. november. Øvingane vert i Frendesalen i kulturskulen. 

Vidare vert det øvingar: 21. nov, 5. des, 19. des, 09. jan, 06. feb, 20. feb.

 

KORLEIS
Gruppa skal jobbe med fleirstemt song, sangteknikk og eit variert repertoar. Elevar som melder seg på må vere innstilt på å samarbeide med dei andre i gruppa. 

Tilbodet passar for elevar frå 12 år og oppover. 

 

KOSTNAD

Elevar i kulturskulen: 300 kr

Andre:                         500 kr 

 

Meld deg på til rektor Ingrid Schei Stuhaug innan 3. november på e-post: ingrid.stuhaug@stryn.kommune.no