Gravemelding er ei samanstilling
av informasjon om kva rør og leidningar ein kan forvente å finne i bakken, og
luftspenn. Tiltakshavar er ansvarleg for å
avklare om tiltaket er søknadspliktig. Ta kontakt med byggjesak.
Kostnad for gravemelding er frå
01.01.2021 kr. 782,-
Før graving på offentleg eigedom blir
sett i gang, skal godkjent gravemelding liggje føre. På privat eigedom der
gravearbeidet kan føre til skader eller ulemper på offentlege innretningar,
skal gravearbeidet og meldast. Til slik melding blir dette skjemaet nytta.
For graving på riks- og fylkesvegar, må
meldaren og innhente godkjenning frå Statens vegvesen. For graving på kommunale
vegar må godkjenning frå avdeling for kommunalteknikk i kommunen innhentast.
Bortsett frå dei tilfella der den som søkjer, må hente inn godkjenning
frå Statens vegvesen, vil alle meldingar som knyter seg til handsaminga av
gravemeldinga bli gjeven av avdeling for kommunalteknikk i Stryn kommune.
Det er ikkje eit krav om innlogging for dette skjemaet, men dersom du ønskjer å lagre skjemaet for seinare bruk, kan du logge deg inn ved å klikke "Logg inn" øverst til høgre i skjemaet. Du kan velje om du vil logge deg inn med ID-porten, eller e-post innlogging.