Vi ber no alle som har helsefagleg utdanning og som jobbar utanfor helsevesenet eller har ledig kapasitet, om å registrere seg.
Koronapandemien set helsevesenet på ei hard prøve. I Stryn treng vi fleire folk i helse- og omsorgstenesta. Stryn kommune kan kome til å trenge
frivillege i tida framover, også personar som ikkje er helsepersonell
Har du jobb utanfor helsevesenet, sjølv om du har helsefagleg utdanning? Eller har du helsefagleg utdanning og ledig kapasitet for tida?
Då ønskjer vi at du registrerer deg hos oss. Vi treng å vite kva helsefagleg utdanning og erfaring du har. Vi ønsker også at du registrerer deg viss du studerer eller ikkje er i jobb.
Vi vil kontakte deg dersom vi får behov for det.
Vi oppmodar alle om å spreie denne informasjonen til andre som kan vere i målgruppa.
Bruk skjemaet også om du er tilsett i kommunen og jobbar utanfor helse- og omsorgstenesta.
All informasjon blir behandla konfidensielt.