Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der tiltakshavar og kommunen møtast for å avklare vilkåra for byggetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga.
Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova.
- For tiltak som du sjølv kan søkje om jf. pbl § 20-4, kan du møte kommunen åleine.
- For tiltak som krev at du engasjerer eit føretak til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalt ansvarleg søkjar), bør du ha med deg nokon frå føretaket på møtet.
Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendig for å førebu konferansen.
Følgjande dokumentasjon er obligatorisk og skal sendast inn elektronisk som vedlegg i skjemaet:
- Kartutsnitt med innteikna tiltak, klikk her: Kommunekart
- Skisser / teikningar av tiltaket
- Kort beskrivelse av tiltaket og bruk av tiltaket
- Spørsmål ein ønskjer avklaring på, t. d. behov for dispensasjon, tolking av plan, krav til parkering
Dokumenta skal lastast opp på sida VEDLEGG, i slutten av skjemaet.