Stryn ungdomsråd lyser ut 100.000 kroner som skal gå til aktivitet for ungdom i Stryn kommune!
Tilskotsordninga er ein del av eit prosjekt gjennom folkehelseprogrammet, der ungdom sin medverknad i utvikling av lokalsamfunnet er ei viktig satsing.
Stryn ungdomsråd handsamar søknadane som kjem inn.
Synes du det er vanskeleg å fylle ut? Ring Stryn kommune 57 87 47 00 og spør etter Jannike.
Pengane skal gå til sosiale fritidsaktivitetar, og MÅ brukast opp i løpet av 2023.
Vidare vilkår for tilskotsordninga:
- Søknaden skal vere utarbeida AV eller MED ungdom, og ein ungdom må vere kontaktperson
- Hovudmålgruppa for aktiviteten er 13-19 år
- Aktiviteten må vere i Stryn kommune
- Arrangementet skal vere rusfritt
- Det er ein fordel om du samarbeider med frivillege lag/organisasjonar eller andre aktørar i kommunen
- Det må kome fram av søknaden kvifor du søkjer pengar til akkurat den aktiviteten
- Pengane kan gå til ein ny aktivitet, eller bli brukt til å styrke ein eksisterande aktivitet
- Pengane kan gå til utstyr dersom det visast til at utstyret bidreg til meir aktivitet/inkludering etc.
- Tiltak som er opne/ inkluderande vert prioritert
- Tiltak for aktivitet i feriar vert prioritert
- Pengane skal i hovudsak ikkje gå til løn/honorar
- Budsjett må ligge ved søknaden
- Etter at tiltaket er gjennomført må du rapportere om resultatet av tiltaket