1. mai er søknadsfrist for kulturskuleåret 2019/ 2020

Det er snart tid for å søkje elevplass i kulturskulen for neste skuleår, og vi har mykje spennande ein kan vere med på innan musikk, dans, kunst og teater!

Skuleåret 2019/ 2020 har vi fire nye tilbod:

* Teater i Stryn

* Band i Stryn

* Kunstgruppe for vaksne i Stryn

* Piano, dans, teater og kunst i Oppstryn

Elles fortset vi med undervisning på piano, trekkspel, fele, gitar, bassgitar, trommer, song, jazzballet og kunstgrupper. Vi har undervisning i Stryn, Oppstryn, Olden, Innvik og Utvik. Oversikt over fagtilbod og vekeplan finn du her https://stryn.kommune.no/kulturskule/fagtilbod-og-vekeplan/ . Ta gjerne kontakt dersom det er noko de lurer på. For å søkje elevplass gjer de slik:

 

Ny elev:

* www.stryn.kommune.no/kulturskule

* "Søk elevplass"

Noverande elev som vil fortsette:

* Len deg tilbake. Slapp av. Vi vidarefører deg til neste sesong.

Noverande elev som vil søke fleire fag:

* www.stryn.kommune.no/kulturskule

* "Logg inn"

* Påmelding"

Noverande elev som vil slutte:

* www.stryn.kommune.no/kulturskule

* "Logg inn"

*"Utmelding" innan 1. mai

 

Vi ynskjer både nye og noveranade elevar hjarteleg velkomne til nytt kulturskuleår!

 

Eleven i fokus - kunnskap og kreativitet - meistringsglede