Bandkurs og låtskrivingskurs på kulturskulen 27. og 28. september

Laurdag 28. september blir det nytt bandkurs på kulturskulen, og fredag 27. september sler vi til med låtskrivingskurs. Begge kursa er i samarbeid med BRAK og UKM, og er for unge mellom 10 og 18 år. Kursa er opne for dei som ikkje er elevar i kulturskulen også - velkomne!

Stad: Stryn kulturskule

Fredag 27. september 17.00 - 21.00 Låtskrivingskurs

Laurdag 28. september 11.00 - 16.00 Bandkurs

Pris: Gratis for BRAK- medlem og elevar i kulturskulen. 500kr for andre deltakarar. PS: Det er gratis å melde seg inn i Brak.

Alder: 10 - 18 år. Vi deler inn i band etter alder og instrument.

Påmeldingsfrist: 13. september

 

Instruktørane blir Eline Brun, Sturle Sandvik og Lill Schele. Dette er tre supre musikarar, og du kan lese meir om dei og kurset her, samt melde deg på via lenkja:

http://www.brak.no/hendelse/bandkurs-i-stryn/

 

Velkomne!