Sommarfest i Stryn og Sommarkonsert i Innvik

Kulturskulen inviterar til Sommarfest i Stryn kulturhus fredag 14. juni kl 18.00, og til ein mindre Sommarkonsert i Liatunet i Innvik onsdag 19. juni kl 18.00.

På Sommarfesten i Stryn blir det kunstutstilling, konsert og utdeling av Elevprisen. Arrangementet er gratis og ope for alle, så ta med tanta, onkelen til bestemor, søtra til broren til søskenbarnet og kom!

I Liatunet blir det ein liten konsert med elevane i Innvik og Utvik som spelar piano og fele. Etterpå blir det kaffi og biteti, og arrangemetet her er også gratis.

Det er stor stas for elevane å vise fram kva dei har lært i løpet av året, og elevane som ikkje ynskjer å opptre er sjølvsagt hjarteleg velkomne som publikum.

Vi vonar mange vil ta turen for å dele ei kjekke stund ilag med oss i kulturskulen. Velkomne!