Takk for i år og god sommar!

Kulturskulen tek no sommarferie. Vi er tilbake på kontoret måndag 12. august, og frå og med måndag 19. august startar vi opp med undervisning og nytt kulturskuleår.

TUSEN TAKK til alle supre elevar som har vore hjå oss i år. Det har vore eit innhaldsrikt år med Jubileumskonsert på kulturnatt, juleverkstad, bandkurs, UKM, små og store speleoppdrag, og til slutt Sommarkonsert i Innvik og Sommarfest i Stryn med både konsert og kunstutstilling.

Så ynskjer vi både nye og gamle elevar hjerteleg velkomne til nytt kulturskuleår frå og med måndag 19. august.

GOD sommar til dykk alle og nyt ein velforjent ferie!

Helsing

oss i kulturskulen