Vårnytt i kulturskulen

Det vårast, graset gror og vi er byrja å vakne frå vinterdvalen nok ein gong. Kulturskulen har mykje spennande på programmet i vår.

I mars og april reiser vi lærarane rundt på skulane og held minikonsertar for 5. - 7. klassingane i kommunen. Vi besøkjer Oppstryn, Nordsida/ Rand, Loen, Olden og Innvik, medan elevane på Tonning skule får sine konsertar i Frendesalen hjå oss på kulturhuset. Nokre av elevane våre blir med som gjesteartistar. Vi gler oss!

Laurdag 16. mars er det premiere på Den usynlege jenta og p- ane som forsvann. Torstein Tvinnereim har skrive eit splittert nytt stykke for teatergruppa Fryd. Kulturskulelærar Annette Lunde har instruert dei frydefulle skodespelarane, og framføringa blir på biblioteket. Skal tru kva dei finn i bokreolane der?

Laurdag 6. april deltek nokre av elevane våre på familiekonserten i kulturhuset under Stryn Visefestival. Sjå www.strynkulturhus.no for festivalpass.

Fredag 5., laurdag 6. og søndag 7. brakar det laust med Fargespel Nordfjord. Dette er på Operahuset på Nordfjordeid, og fargespelborn frå alle kommunane i Nordfjord er med. Sjå www.operahuset.no for billettar.

I april blir også kunstgruppene våre med på ei utstilling med unge kunstnarar i Stryn. Det er Stryn kunstlag som inviterar - dette blir spennande! Dato kjem etterkvart.

Laurdag 4. mai blir det eit kort flettekurs for store og små. Kanskje er det nokon som har lyst å lære ekstra fine fletter til 17. mai?  Laurdag 25. mai blir det eit kort sminkekurs.

Det nærmar seg også søknadsfristen 1. mai for neste skuleår, og søknadsskjema og oversikt over prisar og tilboda våre finn de her på heimesida vår.

I juni blir det tradisjonell sommarfest i kulturhuset med konsert, kunstutstilling og utdeling av Elevprisen. Ein ny tradisjon for oss er også sommarfest i Liatunet i Innvik. Datoar kjem etterkvart.

Følg oss også gjerne på www.facebook.com/strynkulturskule for nyhende og anna, og ta elles gjerne kontakt dersom de lurer på noko.

Vi ynskjer dykk alle ein spirande fin vår!

Helsing

oss i kulturskulen