Vel møtt til nytt kulturskuleår!

Denne veka var det slutt på sommarferien, og elevane starta på skulen att.
Vi i kulturskulen ønsker nye og gamle elevar velkomne til eit nytt og spennande skuleår. 

No som kulturskuleåret har starta, skal alle elevar ha blitt kontakta av lærarane sine og fått tidspunkt for sine timar. 
Lærarane er stort sett dei same som i fjor, men Emma Nygaard Sætren er ny danselærar dette skuleåret. Emma har utdanning i frå Bårdar Akademiet i Oslo. Gunnhild Sindre er den andre nye læraren vår, og ho skal undervise på fele.  Gunnhild har lang erfaring som både folkemusikar og orkestermusikar. Vi er særs glade for å ha både Emma og Gunnhild med på laget. 

Nye tilbod
Vi prøver ut eit nytt tilbod innan digital musikkproduksjon i år. Tilbodet har vi kalla DJ/Laptop, der vi skal laga eigen musikk ved hjelp av program på datamaskin. Dei som skal følgje kurset må ha tilgang på eigen datamaskin, evt. eige nettbrett. Vi har plass til fleire på denne gruppa og interesserte kan ta kontakt med rektor eller lærar Erik Vinje

Vi har òg starta opp med kunstgruppe i Innvik, og vi har plass til fleire elevar på gruppa. Det er Annette Lunde som er kunstlærar. 

Dansegruppene i Olden som blei starta opp i vårsemesteret held fram rett etter skulen på onsdag (5.-7.) og på fredag (1.-4.). Der er det òg plass til fleire danseglade elevar.

Samspel
Vi ønskjer å ha eit ekstra fokus på samspel i år, og vi kjem til å setje saman band og grupper slik at elevane får spele saman med andre. I tillegg har Ander Viktor Kvile ei aspirantgruppe på måndagar der ein kan lære trompet eller klarinett.  

Huskonsertar
I fjor hadde vi ikkje mange konsertar, men i år ønsker vi at elevane skal få vise fram det dei lærer på huskonsertar. Vi har tenkt at desse skal haldast den første veka i kvar månad, og kjem til å sende ut invitasjon i god tid før kvar konsert. Konsertane kjem til å vere i våre eigne lokale eller i foajéen til Kulturhuset, alt etter kor mange som har lyst til å spele. 

Speedadmin
Last ned Speedadmin app'en for rask kommunikasjon med oss. Som elev kan du logge på med Feide, og som forelder kan du logge på med ID-porten (BankId, MinId e.l.)

Ønskjer du å vere elev hos oss kan du melde deg på her: https://nostryn.speedadmin.dk/registration#/