Velkomne til nytt kulturskuleår!

Det nye kulturskulelaget er no klare til å ta imot elevane våre. Undervisninga startar opp frå og med måndag 27. august, og lærarane tek kontakt med foreldre for å avtale tidspunkt for speletimane. Nokre lærarar startar si undervisning veka etter, men de høyrer frå dei før oppstart. Så føl vi skuleruta som skulane elles, med haustferie og juleferie.

Vi har også flytta inn i nye lokale, og de finn oss oppe i 2. etasje på Stryn kulturhus. I tillegg har vi desentralisert undervisning, med piano og gitar i Olden onsdagar, piano i Innvik onsdagar, og fele i Olden og Utvik tysdagar.

Kulturskulen har mykje spennande på programmet framover. Det blir Jubileumskonsert på Kulturnatt fredag 9. november, adventskonsert og andre småkonsertar. Vi tek imot nye søkjarar kontinuerleg, og de finn søknadsskjema her og på heimesida vår.

Velkomne til oss!

Kulturskulelaget 2018/ 2019: Annette Lunde - jazzballett Mette Carlsen - fele Knut Einar Lillebø-Voll - visuell kunst Ivar Tynes - slagverk og band Bjarte Sætre - fiolin og tverrfløyte Erik Vinje - gitar og band Linda Gytri - piano, trekkspel og rektor