Fordi vi har stor pågang og mange saker avsluttar kommunen den faste telefontida for byggesak.
I staden innfører vi timebestilling for rettleiing. Dette gjer vi for å bruke ressursane våre på ein betre og meir effektiv måte, samtidig som du får høve til å få hjelp med spørsmålet eller saka di.
Har du behov for å snakke med ein saksbehandlar om ny byggesak, kan du bestille avtale. Med timebestilling kan vi førebu oss på kva du treng hjelp til, og sørgje for at du får rettleiing frå ein saksbehandlar som kjenner fagområdet.
Finn svar på nett først
Mange av dei generelle spørsmåla vi får om byggjesak, har vi allereie informasjon om på nettsidene våre. Vi oppmodar derfor om at du sjekkar nettsidene før du bestiller time.
Du kan mellom anna finne informasjon om:
- kva du kan byggje utan å søkje
- kva du må søkje om
- korleis du går fram for å søkje
- kva dokumentasjon søknaden må innehalde
- saksbehandlingstider
- vanlege spørsmål og svar
Du kan også spørje Kommune-Kari, chat-roboten vår, som du finn nede til høgre på nettsida vår.
Sjekk dokumentasjonskrava før du søkjer
Før du sender inn ein byggesøknad, anbefaler vi at du bruker sjekklista vår for å finne ut kva dokumentasjon som er nødvendig for den aktuelle søknadstypen.
Ein komplett søknad frå starten gjer det enklare for oss å behandle saka og kan bidra til kortare saksbehandlingstid.
Du kan følgje saka di
Du kan følgje offentlege byggesaker på postlista til Stryn kommune
Her finn du dokument og informasjon som er offentleg tilgjengeleg.
På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) finn du også mange nyttige digitale vegvisarar, svar på ofte stilte spørsmål og informasjon om regelverket.
Saksbehandlingstid
Som hovudregel er saksbehandlingsfristen:
2 veker
3 veker
For søknader der søknaden er fullstendig, tiltaket er i samsvar med regelverket, det ikkje ligg føre merknader frå naboar eller gjenbuarar, og det ikkje er nødvendig med løyve, samtykke eller uttale frå andre myndigheiter.
12 veker
- Meir omfattande byggjetiltak, med og utan dispensasjon frå reguleringsplan
- dispensasjon frå plan.
- rammetillating.
Når startar saksbehandlingstida?
Saksbehandlingstida startar når kommunen har motteke ein fullstendig søknad, det vil seie ein søknad med all nødvendig dokumentasjon.
I samsvar med forvaltningslova § 11 a skal kommunen gi eit førebels svar dersom det vil ta lang tid før vi kan svare. Førebels svar kan unnlatast dersom det blir vurdert som openbert unødvendig.
Tid spart for deg – og tid spart for oss
Vi veit at det kan vere godt å kunne ringje kommunen når du har spørsmål. Samtidig har vi no stor pågang av byggesaker, og vi må prioritere ressursane våre til saksbehandling.
Med timebestilling kan vi organisere rettleiinga betre og førebu oss på kva du treng hjelp til.
Vi håpar den nye ordninga vil gi betre og meir målretta hjelp – samtidig som vi får meir tid til saksbehandling.