Velkomen til Stryn!Lytt til tekstenStopp avspillingEr du ny i kommunen vår eller planlegg å flytte hit? - Du er hjarteleg velkomen! Vår i Nordfjord. Foto Loen skylift Stryn kommune har 7.260 innbyggjarar, der omlag 2500 bur i Stryn sentrum. I sentrum finn du alt du treng av handels- og servicetilbod, helsesenter, vidaregåande skule, offentlege kontor, kulturhus med symjehall, idrettshallar, idrettsbaner og det meste anna du treng for å leve eit godt liv. Stryn ligg lengst inne i Nordfjord, lengst nord i Vestland fylke, og er eit eldorado for spennande aktivitetar både sommar og vinter. Området er eit vandremekka med fleire hundre merka turløyper i variert natur over heile kommunen. I Stryn finn du gode stadar å bu, barnehagar, skular, handelstilbod, spennande bedrifter og eit rikt lag- og organisasjonsliv rundt om i heile kommunen. Vi er opptekne av å vere eit inkluderande lokalsamfunn der alle kan kjenne seg heime. Vi tilbyr tenester innan eldreomsorg, oppvekst og fritid, sosiale tenester og helse. Målet vårt er å skape god livskvalitet for alle innbyggjarane. Vi legg vekt på innbyggjarmedverknad, og tenestene våre skal vere tilpassa dei behova du som innbyggjar har. Vi har samla nokre gode opplevingar, tilbod og tenester til deg. Vi håpar du finn noko som kan passe og at du vil finne deg til rette og trivast i Stryn. Bu i Stryn Ledige kommunale bustadtomter Bustadar for sal Bustadar for leige Kulturliv og fritid Stryn kulturhus Kino Stryn symjehall Stryn bibliotek Loen skylift Briksdalsbreen Hydlaparken Tvinnefossen Skålatårnet Stryn sommerski Nasjonale Turistvegar Gamle Strynefjellsvegen Jostedalsbreen nasjonalparksenter Reise og oppleving i Nordfjord Indre Nordfjord turlag - turforslag, hytter og ruter Barnehagar, skule og utdanning Alt om barnehagar i Stryn Skule og opplæring i Stryn Vaksenopplæring Stryn Stryn vidaregåande skule Næring og arbeid Ledige stillingar i Stryn kommune (organisasjonen) Ledige stillingar i Stryn kommune Stryn næringshage Nordfjordakademiet Framtidsfylket Ønskjer du å engasjere deg i lokalmiljøet? Stryn Frivilligsentral Stryn røde kors Olden raude kross Stryn KFUK-KFUM-speidarar 4H Stryn på kartet Stryn kommune si kartløysing Wikipedia om Stryn Fakta frå Statistisk sentralbyrå Facebooksider Stryn Loen Olden Innvik/ Utvik Nordsida/ Randabygda Markane IL Markane UL Oppstryn Sist endra 21.08.2023 09.58