Kommunale bustadtomter

Stryn kommune har i dag meir enn 50 ledige tomter fordelte på dei fleste bygdelaga. Trykk på det aktuelle feltet for å få meir informasjon.

Ved utlegging av nye tomter lyser Stryn kommune ut ledige tomter i bustadfelt på www.stryn.kommune.no og eventuelt i lokal presse. Tildeling av tomter vert gjort etter søknad, etter at tomtene i feltet er utlyst for sal.

 

 
 

Søknad om tildeling av tomt


I tillegg til prisen for tomta vil det i samband med bygging påløpe følgjande kostnadar:

  • Elektrisk jordkabel, fakturert frå Stryn Energi AS
  • Byggesaksgebyr, kontakt avdeling for byggesak og regulering
  • Tilknytningsavgift, vatn: kr. 1000 + mva.
  • Tilknytningsavgift, kloakk: kr. 1000 + mva.

Vassforsyninga til bustadfelta i Naustbakkane, Hildastranda og Sagehaugen er privat. Tilknytningsavgifta må avtalast med leiarane i vassverka.

Avløp: Det er ulike typar kommunale avløpsanlegg for dei ledige tomtene. Enkelte kan koblast til kloakkrenseanlegg (Loen), medan andre har felles slamavskillar, men dei fleste ledige tomtene har krav om montering av privat slamavskillar før påslepp til kommunalt avløpsanlegg. Ta kontakt med avdeling kommunalteknikk for avklarande informasjon.

Kontakt

Avdeling kart og oppmåling
E-post
Telefon 57 87 47 00

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4,
6783 Stryn