Barnehagane i Stryn kommune

Slik søkjer du barnehageplass

Stryn kommune har 8 barnehagar. Av desse er 7 kommunale og 1 privat.
 
BARNEHAGERUTA 2026/2027:

Start barnehageåret 2026/2027: Måndag 3. august

Felles kurs-/planleggingsdagar: Måndag 5. oktober og tysdag 6. oktober 2026, tysdag 30. mars 2027.

2 fristilte planleggingsdagar fastsett i samarbeidsutvala i den enkelte barnehage.

Alle barnehagane har feriestengt veke 28, 29 og 30, frå 12.07.27 – 30.07.27.

Dei barnehagane som har få eller ingen barn veke 27, har feriestengt også denne veka.

Utanom planleggingsdagane, planlagt feriestenging og jule- og nyttårsaftan, har barnehagane ope alle vekedagar utanom laurdag og søndag.

På onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagane kl. 12.00.

Barna skal ha fri på dei vedtekne planleggingsdagane.

BARNEHAGERUTA 2025/2026:

Start barnehageåret 2025/2026: Måndag 4. august

Felles kurs-/planleggingsdagar: Måndag 6. oktober og Tysdag 7. oktober 2025, onsdag 18. mars 2026.

2 fristilte planleggingsdagar fastsett i samarbeidsutvala i den enkelte barnehage.

Alle barnehagane har feriestengt veke 29, 30 og 31, frå 13.07.26 – 31.07.26.

Dei barnehagane som har få eller ingen barn veke 28, har feriestengt også denne veka.