Søknadsskjema

Søknadsfrist for barnehageplass er 1. mars.

Søk barnehageplass herStryn kommune brukar Vigilo som administrativt system for oppvekst.
Her finn du meir informasjon om Vigilo

Redusert foreldrebetaling:
Familiar med lav inntekt kan søkje om redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar. Du søkjer i Vigilo. Vedtak vert gjort for eit barnehageår om gongen. Du får nytt vedtak for påfølgande år så lenge inntekta til hushaldet ligg under grensa for rett til redusert betaling.  Ein kan søkje gjennom heile barnehageåret og ein har rett på redusert betaling frå månaden etter ein har søkt. Men du må søkje før 1. juli for å få fråtrekk på faktura for august.  

Sakshandsamar får tilgang til inntektsopplysningane frå skatteetaten når du søkjer, så du treng ikkje legge ved skattemelding. Ved endring i inntekt etter siste skattemelding, kan du legge ved dokumentasjon på noverande inntekt, t.d. lønsslipp frå siste 3 mnd, utbetalingar frå NAV, introduksjonsstønad.

Søknad om redusert foreldrebetaling i barnehage

Inntektsgrensene finn du her