To friluftsskular i Stryn
I år arrangerer Fjordane Friluftsråd to friluftsskular i Stryn! Det blir i Innvik/ Utvik i juli og Stryn/ Nordsida i august. Friluftsskulen er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år.
Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen, eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi har ein flott natur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.
Tidsmessige og praktiske rammer
Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen og vil foregå i ulike naturmiljø. Friluftsskulen har tre hovudtema: Eettar og plikter nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.
Aktivitetane startar kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen.
Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3.
Dag 3 avsluttar vi kl 15. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte.
Påmelding her:
Friluftsskule Stryn 1 - Innvik/Utvik 7. juli
Friluftsskule Stryn 2 - Stryn/Nordsida 4. august
Sist endra 03.07.2025 08.46