Slik søkjer du barnehageplass, byter eller seier opp

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageåret er 1. mars. Du kan søkje om barnehageplass heile året, men ønskjer du plass i hovudopptaket må du søkje innan 1. mars. 

Slik søkjer du om barnehageplass

  • Du søkjer på same plass for alle barnehagane i Stryn kommune, også den private
  • Du brukar same system for å søkje ny plass og for å søkje ein anna barnehage
  • Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar sender du dei per post til: Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn
     

Søk barnehageplass


Ta kontakt med nestleiar oppvekst om du har spørsmål eller treng hjelp til å søkje.
Her finn du oversikt over alle barnehagane i Stryn kommune.
 

Søknadsfrist

1. mars er søknadsfristen til hovudopptaket. 

Søkjer du plass utanom hovudopptaket kan du søkje heile året. Du står då på søkjarlista til du får tilbod om barnehageplass, eller sjølv slettar søknaden. 
 

Når har barnet rett til barnehageplass?

  • Barn som er fødde i september, oktober og november har rett til barnehageplass frå den 1. i den månaden barnet fyller 1 år. Dei som er fødde mellom 1. desember og 31. august har rett til barnehageplass frå 1. august det året barnet fyller 1 år. 
  • Du må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars.

 

Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet startar i barnehagen. 

Stryn kommune ynskjer å ha fleksibelt barnehageopptak og gje tilbod til barn også utan rett til plass og utanom hovudopptaket. Innanfor vedtekne midlar vil ein difor kunne tilby plass til barn som ikkje har rett til barnehageplass og/eller som ikkje har søkt innan fristen og/eller ynskjer plass andre tider på året. Ein vil kunne tilby plass dersom der er ledig kapasitet i barnehagen og ein har nødvendige personalressursar på plass.
 

Kva skjer om du ikkje har fått plass i den barnehagen du har valt?

Du vil få tilbod om plass i ein annan barnehage dersom barnet har rett på plass. Du har då to val:

  • Du kan takke ja til plassen og samtidig stå på venteliste til ein annan barnehage
  • Du kan takke nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage
     

Korleis byte barnehageplass/ endre barnehagetilbod

Du kan søkje om å byte til ein annan barnehage. Frist for å søkje om endring av barnehageplass er 1. mars. Søkjer du om å byte etter søknadsfristen vil barnet ditt få plass i ny barnehage når det blir ledig.  For å byte plass (til annan barnehage) må du søkje på nytt. Ved overgang til ny barnehage blir tidlegare barnehageplass automatisk sagt opp.  For å søkje om endring (auke/reduksjon) av barnehageplassen, loggar du inn på foreldreportalen i Vigilo og søkjer om endring. 
 

Korleis seie opp barnehageplassen

Det er 1 månad oppseiingstid frå den 1. i månaden. For å seie opp plassen må du logge deg inn i foreldreportalen for å få tilgang til å søkje om oppseiing.